Southland Tales

Southland Tales, den etterlengta filmen til Richard Kelly, mannen bak ein av mine desiderte favorittfilmar Donnie Darko, har latt vente på seg – lenge. Naturlegvis har det vore knytt store forventingar til dette prosjektet, sjølv om festivalvising av ein tidleg versjon fekk hard medfart hjå kritikarar. Etter premieren under Cannes-festivalen i mai 2006 vart filmen likevel plukka opp av Sony. Ein avtale om å korte ned lengda mot å få meir støtte til nødvendige spesialeffektar blei gjort og reduserte musikalske innslag og sentrale karakterar i filmen.

Dwayne Johnson, Sarah Michelle Gellar, Seann William Scott og Justin Timberlake spelar i denne omfattande filmen som tok både tid og krefter for å skjønne nødvendig samanheng i. I grunn er det jævla stilig alt som skjer. Me er i eit framtidig Los Angeles, den moderne verda er på randen av eit økonomisk og politisk samanbrot. Gjennom forteljingane til fire karakterar, som handlar om utpressing, overvaking, tidsskrift og ein profeti som spår at verda vil gå under med eit stort smell og ikkje eit lite klynk, er alt knytt saman på ein merkverdig måte. Å prøve meg på eit fornuftig handlingsreferat vil enten drepe meg eller tolmodet ditt.

I staden kan eg heller sei litt om kva Southland Tales minnar meg om. Stemninga har litt David Lynch over seg med musikk av Moby, på ei anna side er det som ei Philip K. Dick-historie, veldig science fiction og samfunnsengasjert. Måten han prøver å gjere oss kjent med historia, spesielt innleiingsvis, minnar sterkt om eit dataspel som Command & Conquer, før me hoppar inn i det som er det fjerde kapittelet av Southland Tales, dei tre første kapitla finst i teikneserieform, også dei skrive av Richard Kelly og teikna av Brett Weldele. Eg har ingen erfaringar med desse, kanskje dei gjer filmsjåinga ein heil del lettare?

Southland Tales byr heilt klart på ei unik filmoppleving. Han er nok forut for si tid, i blant sper Richard Kelly på med så mange detaljar og få ord i eit komplisert klippemønster at eg blir reint forvirra, men til slikt trengs berre trening for å få forstå, trur eg, og inntil folks filmvanar eventuelt har utvikla seg dit kan dette sjåast på som ein film som trengs fleire visingar for å fatte det store bilde. No høyrest det ut som Southland Tales er noko veldig kompliserte greier, det er vel kanskje å smørje litt tjukt på, eg fekk jo med meg nok til å like dette.

Ja, eg likte dette, mykje takka vera den flotte samansettinga av skodespelarar, også på grunn av apokalypsen, ein subjektiv ide om ei mogleg framtid og science fiction-element. Det heile er litt for langt, men det går.

Southland Tales 2006 plakat - Filmdagbok