Sovetskie igrushki

Film / 1924
1/5

Sovetskie igrushki eller Soviet Toys er ein propagandafilm for Sovjetunionen laga av Dziga Vertov. Han viser kva kva kommunistane tykkjer om kapitalistane, og framstiller kapitalisten som ein feit mann som fråtsar.

Filmen er alt anna enn subtil propaganda. Det er så direkte som det kan bli. Ei scene kor ein arbeidar står med ei stor saks og prøver å klippe opp magen på kapitalisten, før han trakkar på han med ein fot som det står skatt på, er tydeleg på synet kommunistane har på fri handel. Løysinga deira i teiknefilmen er kollektivet som i lag trakkar hol i magen på kapitalisten, som blir redninga hans.

I tillegg til å vere ein animasjonsfim i svart-kvit så er dette så svart-kvit og einsretta og feil som innhaldet i ein film kan bli. Det einaste han er god på er å vise tydeleg kva kommunistane meiner om seg sjølv. Det han manglar er å vise dei negative konsekvensane måten deira å handle på har.

Sovetskie igrushki 1924 plakat - Filmdagbok