Space Cop

Space Cop er historia om ein politimann (Rich Evans) som blir sendt tilbake i tid, frå 2058 til 2007. Mens mesteparten av handlinga etter kvart går føre seg i 2015, og ei etterforsking som avdekkar ein vond plan sett i verk av romvesen.

I lag med ein politimann frå fortida (Mike Stoklasa), som har blitt kryogenisk bevart og tint opp igjen i notida, samlar dei kreftene for å stoppe vondskapen. Politimannen frå framtida som den skyteglade. Politimannen frå fortida som den tenkande.

Space Cop er ein amatørfilm frå Red Letter Media, eit produksjonsteam som står bak tidlegare amatørfilmar som eksempelvis Feeding Frenzy, og det etter kvart veletablerte filmprogrammet Half in the Bag. Dette er folk eg følger, og med det følger også forventingar.

Eg forventa at Space Cop skulle bli ein delvis fornøyeleg, men elles enkel affære. Produksjonen var derimot langt betre enn forventa. Det ser passe billeg ut, men det er gjennomført og framstår som gjennomtenkt. Her er det heller budsjett enn kunnskap som har vore hinderet. Filmen er både fornøyeleg, og altså enkel på ein god måte.

Forutan nokon innslag som kjennest eviglange, både som humoristisk grep og kanskje også på grunn av gjesteroller, har filmen ein god flyt. Det er ein ukomplisert sak å følge, og både oppbygging og framgang ser ut til å vere på plass. I tillegg til tydelege karakterar som utgjer historia. Og med dette på plass blir preget av lågt budsjett og skodespel under snittet underhalding.

Vurderinga mi av denne filmen må bli prega av min forkunnskap og mine forventingar. Med ein annan film kunne eg ha gjort det til ei øving å prøve på ei nøytral vurdering, men det ser eg ingen grunn til her. Heller enn å anbefale filmen vil eg anbefale Half in the Bag for filminteresserte, og på sikt anbefale Space Cop om filmmeldingane i Half in the Bag fell i smak.

Space Cop 2016 plakat - Filmdagbok