Spaceballs

Spaceballs er ein Star Wars-parodi frå tiåret til dei parodiske filmane, 1980-talet. Mel Brooks står for regi og manus, og hans distinkte humoristiske stil er lett å kjenne igjen også i Spaceballs. Ein stil som består av noko tørre vitsar og svært opplagte poeng, men utført med god timing.

Også andre filmar blir parodiert, men hovudsakleg er historia er variant av Star Wars frå 1977. Berre enklare, og med vekt på dumskapar.

Det skal bli nemnt at dette er mitt første gjensyn med filmen sidan tidleg 2000-tal Den gongen likte eg ikkje filmen, men ettersom åra har gått har smaken endra seg, og eg har innsett at eg kunne like Spaceballs om eg gav han ein nye sjanse. Dette viste seg å stemme. Dette er faktisk passe morosamt i sitt tull. At det tar heilt av vil eg ikkje påstå, men det er fornøyeleg.

Det er dei små tinga som gjer dette morosamt. Eksempelvis er det mange detaljar som tilseier at filmskaparen tok eit val som at noko ikkje er viktig. Det mest framståande av desse var for min del at karakterane kan puste i verdsrommet. I lys av alt tullet er det ikkje viktig å halde oppe fysiske lover, ergo kan du kutte ut vektlegging av bruk av romdrakter.

Eit anna punkt eg vil nemna er ein flott figur gjort av Daphne Zuniga som prinsesse Vespa. Ho har meir personlegdom enn dei fleste andre karakterane.

Utover dette består filmen mest av overdrivingar, dumskapar, og anna uhøgtideleg og uskyldig humor.

Spaceballs 1987 plakat - Filmdagbok