Spaced

Serie
1999–2001
4/5

Tilbake i 1999 laga Edgar Wright og Simon Pegg ein serie i lag for Channel 4. No skal vel heller ikkje den andre manusforfattaren ved siden av Simon Pegg, hans motpart framfor kamera, Jessica Hynes, bli utelate frå likninga.

Tim (Simon Pegg) og Daisy (Jessica Hynes) møtes tilfeldig på ein kafé, begge i søken etter ein ny plass og bu, og endar opp som romkameratar. Den nye staden har eit par rare naboar, Tim og Daisy har eit par rare venner, og i blant skjer det eit par rare ting.

Det fine med Spaced er måten det heng saman på, gjerne med referansar til kjente filmar. Og generelt korleis alt blir sett på spissen, framheva og forenkla. Her manglar det heller ikkje på mystikk, noko som gjer det til ein ganske så fargerik komiserie. For det er vel i grunn ein komiserie Spaced er.

Andre sesong av denne britiske serien løftar det verkeleg opp på det gode nivået. Ikkje at eg har noko å utsette på første sesong i grunn, men med desse sju ekstra episodane har eg blir bergtatt.

Ein av dei tinga eg kom til å tenke på etter kvart var kor utruleg god musikkbruken faktisk er her, og ikkje minst lydeffektane. Ganske vanlege sjangernytta lydar blir her brukt på ein stemningsskapande måte til sekvensar som eigentleg ikkje er så spesielle.

Eg må understreke at Edgar Wright har utvikla seg ørlite vidare og set komposisjonane endå meir på spissen i andre sesong. Klisjear blir nok brukt, men også unngått på strategiske plassar så det heile kjennest godt konstruert.

Synd at serien gav seg etter desse 14 episodane, men betre å gi seg på topp enn å dra det heile ut i evigheiter. Og det er ikkje som om Simon Pegg og Edgar Wright har gitt seg med parodiering og referering.

Spaced 1999-2001 plakat - Filmdagbok