Spartacus

Det skal ein sabla god film til for å grunngi tre timar med film. Dessverre er ikkje Spartacus så sabla god, og filmen blir for lang. For mykje bruk av pausar og stillbilde utan særleg meining eller motiv er nok den største lasta, men like etter kjem rollefigurane med sine «Oh, I love you of all my heart!» og «Oh, I love you even more!». Kirk Douglas er ikkje anna enn ein stor smørklump, og blir for mykje av det gode som Spartacus.

Eg kjem ikkje utanom at eg nettopp har starta å følge med på Rome igjen heller, og at Spartacus blir ein motpol til serien, og som eit eksempel på typisk Hollywood som delvis konservative og med store studioproduksjonar.

Litt skryt må til på slutten for å vege opp om den middels karakteren eg har tenkt å gi han. Det høyrer med til filmen at Stanley Kubrick hadde eit budsjett på 12 millionar amerikanske dollar. Til samanlikning kosta det 44 millionar å lage Cleopatra tre år etter. Han har fått ein lang film ut av desse pengane, og sjølve historia om personen Spartacus er jo ei god historie.

Spartacus 1960 plakat - Filmdagbok

Publisert

25. desember 2006 av

Regissør

Stanley Kubrick

Manusforfattarar

Dalton Trumbo, Howard Fast, Peter Ustinov, Calder Willingham

Skodespelarar

Kirk Douglas, Laurence Olivier, Jean Simmons, Charles Laughton, Peter Ustinov, John Gavin, Nina Foch, John Ireland, Herbert Lom, John DallVis alle 176 skodespelarar

Sjangrar

Action, Biografi, Drama, Historie, Krig, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Spartacus