Speak Easily

Buster Keaton er ein person eg stort sett tenker på som skodespelar i stumfilmar. Og dette er den første lydfilmen eg ser han i der han har hovudrolla. Det var inga stor overrasking å sjå han snakke, men filmen imponerte dessverre ikkje på noko måtar.

På grunn av at dette var ein treg film, så brukte eg også nokre dagar på å sjå han i rykk og napp. Noko som sjelden hjelper, men slik blei det. Og på grunn av at filmen var kjedeleg, blir det heller inga oppsummering av handlinga her.

Det eg kan sei var at timingen ikkje sat så godt her. Det verkar som eit litt feila forsøk på å ta med stumfilmsjargongen inn i verda til lydfilmen.

Speak Easily 1932 plakat - Filmdagbok