Species

Her ein dag såg eg Species, ein science fiction frå 1990-talet som har flust av kjente namn på plakaten. Species handlar om eit menneskeskapt romvesen. Oppskrifta på utanomjordisk DNA blir spleisa med DNA-et til eit menneske. Ut av spleisinga dukkar Michelle Williams opp, som kjapt blir til ei kåt Natasha Henstridge.

Kvinnevesenet rømmer og Ben Kingsley treng hjelp til å fange monsteret. Michael Madsen, Alfred Molina, Forest Whitaker og Marg Helgenberger kjem til unnsetning. Oppdraget blir ein kamp mot tida før Natasha Henstridge får pare seg.

Species engasjerte meg ikkje så mykje. Manuset er for så vidt greit, filmen har oppbygging og byr innimellom på spenning. Men elles skrapar filmen berre i overflata på ei god historie. Det er for mange folk inni bildet, og ingen av dei er uunnverlege. Kampen mot tida er hovudtråden, men det kjennest aldri på filmen. I større grad kjennest det som at filmen må innom obligatoriske drap og nakenscener. Desse er både festlege og festlege, men bidrar ikkje til ei meir fullkommen historie i seg sjølv.

Hadde ikkje filmen hatt slik hast. Hadde me kunne følgd barnet Michelle Williams ei stund til. Det var minuttane der ho var på flukt frå styresmaktene og måtte utforske livet som menneske som var mest spennande. Samtidig som eit dyrisk instinkt styrte ho under overflata.

Etter Michelle Williams kom Natasha Henstridge, ho kledde av seg, drap eit par her og der. Og filmen rota seg innpå klossete romantiske scener i jaktkompaniet. Og alt blei som nemnt over, lite spennande og nytt.

Species 1995 plakat - Filmdagbok