Speed 2: Cruise Control

Eit kapittel for seg sjølv er dei negative orda som kling klart når eg vil oppsummere mi meining om Speed 2: Cruise Control.

Borte er all spenning frå Speed, igjen står berre Sandra Bullock, og til og med ho klarar ikkje å hindre skipet i frå å havarere. Eit ordspel som er artigare enn denne filmen.

Det er ein storslått tanke. Eit skip er på veg mot ein oljetankar. Og vår heltinne er nok ein gong midt oppi eit fartøy ute av kontroll.

Men der Speed var skalert ned og intens, er dette eit eksempel på at større ikkje alltid er betre. Og det var ingen forsøk på ordspel, men eit faktum når det gjeld film.

Det er lite meir å sei om dette, anna enn styr unna.

Speed 2: Cruise Control 1997 plakat - Filmdagbok