Spider-Man 3

Film / 2007
2/5

Tredje installasjon i edderkoppserien har rulla over storskjermen verda over no i sommar. Forventingane mine var høge til det som såg ut til å skulle bli den mørkaste hittil. Peter Parker får fleire slemmingar å slåst mot, og så må han ta eit solid oppgjer med seg sjølv undervegs òg.

Hadde dei reinska vekk rundt 60 % av filmen så hadde eg kunne sagt meg godt fornøgd med Spider-Man 3. Første time var tilnærma bortkasta, for eg synst at Tobey Maguire gjorde ein dårleg innsats her, men eg vil ikkje legge all skulda på han. Enkelte stader her er nok det meininga, med det forandrar ikkje mi meining særleg.

Utan flotte kampscener i forrykande dataanimasjon samt ei og anna morosam frase sit eg framleis med ein bismak i munnen etter å ha sett denne for andre gong. Eg saknar eit mål for filmen. Han verkar som fleire episodar frå ein serie med påkosta budsjett.

Forutan delen med Bruce Campbell som fransk restauranttilsett, er ikkje dette rare greiene.

Eg vil dessutan gi meg her, for eg klarar ikkje legge lok på vonbrotet av filmen som heilskap. Sjølv om enkeltdeler var vel så bra.

Spider-Man 3 2007 plakat - Filmdagbok

Publisert

23. august 2007 av

Merkelappar

Spider-Man, Marvel

Regi

Sam Raimi

Manus

Alvin Sargent, Sam Raimi, Ivan Raimi, Stan Lee, Steve Ditko

Skodespelarar

Tobey Maguire, Kirsten Dunst, James Franco, Thomas Haden Church, Topher Grace, Bryce Dallas Howard, Rosemary Harris, J.K. Simmons, James Cromwell, Theresa Russell

Sjangrar

Action, Science fiction

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Spider-Man 3