Spider-Man

Filmane til Marvel som me kjenner dei som no, starta i 1998 med Blade. Dei tre filmane som kom før Spider-Man i 2002 gjorde det passe godt, men Spider-Man er nok den første verkeleg store kommersielle suksessen.

Tobey Maguire spelar Peter Parker som er Spider-Man, ei rolle han skulle gjenta i to filmar til. Denne filmen handlar om korleis Parker blei til Spider-Man og hans kamp mot ein vond figur som heter Green Goblin.

Eg likar ei god opphavshistorie, noko denne filmen er. Sjølv om filmen gradvis dreier seg meir og meir om skurken som Spider-Man må kjempe mot, så sit eg med inntrykket av at filmen aldri mistar sitt fokus på Peter Parker og hans nye tilvære. Han må heile tida lære kven han er, og kva konsekvensar hans handlingar får.

Som det mest kjente sitatet i filmen seier: Remember, with great power. comes great responsibility. Dette er ei god oppsummering av kva filmen handlar om, gitt Peter Parker og hans endring til å bli Spider-Man.

Spider-Man 2002 plakat - Filmdagbok

Publisert

17. september 2007 av

Merkelappar

Marvel, Spider-Man

Regissør

Sam Raimi

Manusforfattarar

Stan Lee (I), Steve Ditko, David Koepp

Skodespelarar

Tobey Maguire, Willem Dafoe, Kirsten Dunst, James Franco, Cliff Robertson, Rosemary Harris (I), J.K. Simmons, Joe Manganiello, Gerry Becker, Bill NunnVis alle 152 skodespelarar

Sjangrar

Action, Eventyr, Science fiction

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Spider-Man