Spies in Disguise

Film · 2019 · · 9. januar 2021
3/5

Spies in Disguise er ein animasjonsfilm som det luktar kvalitet av. No for tida då det meste av film blir sett via strøymetenester, er det litt ekstra stas å sjå ein film som har gått på kino for ikkje lenge sidan. Spies in Disguise var ein film som eg såg filmtraileren til på kino i 2019, og som eg hadde lyst å sjå på grunn av dette. Eg hadde justerte forventningar, då artige filmtrailerar ikkje nødvendigvis betyr at filmen kan levere tettpakka med moro.

Men Spies in Disguise leverer passe tettpakka med moro, heldigvis. Will Smith har stemma til ein Will Smith-liknande karakter som er verdens beste spion. Men sjølv verdens beste spion treng hjelp av og til, spesielt når han blir omgjort til ei due, og samtidig må reinvaske namnet sitt. Tom Holland har stemma til ein karakter som også har nokre likskapstrekk med skodespelaren. Han spelar ein ung oppfinnar som ønsker å lage snille våpen, og som han vil at Will Smith-spionen skal bruke.

Oppbygginga og forløpet til Spies in Disguise byr ikkje på noko revolusjonerande, men filmen er ein stabil og artig sak som er mykje moro. Filmen er rask på avtrekkaren med sine poeng, og klarar å overraske med oppfinnsame samanhengar og idear i detaljane. Og det er soleis ein topp film for laurdagskvelden.

Les fleire meldingar på halvardhenry.no og p3.no.
Spies in Disguise 2019 plakat - Filmdagbok

Land