Spionen

Film · 2019 · · 7. august 2021
3/5

Spionen er ein film med Ingrid Bolsø Berdal i hovudrolla som norsk skodespelarinne Sonja Wigert.

Sonja blei populær blant nazistane under byrjinga av andre verdskrig, og då også attraktiv som mogleg spion for svenskane. Ho utvikla også eit tett forhold med rikskommisær Josef Terboven.

Det er spionen i korte trekk. Filmen handlar om korleis dette skjedde, og kva som skjedde vidare. Me er inne på motivasjonen hennar, og korleis dette prega hennar personlegdom. Ho opplevde press frå mange kantar, og fekk vite mykje om kva nazistane planlagte av grusame handlingar.

Det er også ein film om dobbeltspel, som stiller mange spørsmål til kven ho kan stole på og ikkje. Noko som gjer filmen passe spennande heile vegen, for meg som ikkje kjenner til Sonja Wigert i noko grad frå før.

Filmen er kurant utført, og eg har lite å trekke ned på, og heller ikkje dei store tinga å trekke fram heller. Eg lot meg underhalde og delvis bli lært opp i litt historie, om enn med kritisk blikk på filmformatet som fortel historia.

Eg hadde hatt Spionen i tankane på å bli sett ei stund, og angrar ikkje på å ha sett han.

Les også meldingar på www.thebiopicstory.com (engelsk) og thepeoplesmovies.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Spionen 2019 plakat - Filmdagbok