Sports Night

Serie
1998–2000
4/5

Sports Night er den første serien til Aaron Sorkin. Tre store namn, Peter Krause, Josh Charles og Felicity Huffman står på plakaten i serien som i likskap med Studio 60 on the Sunset Strip handlar om eit tv-program.

Ser eg forbi det sterke 1990-talspreget spesielt første sesong har er dette ein situasjonskomedie som er lett å like, der lattersporet i stor grad er fjerna.

Andre sesong løftar serien fleire hakk, med fleire miljø og historietrådar, og eit meir vellykka drama. Episodane er litt vel like, men eg tykte likevel at Sports Night var vittig og smart og nok til å bli hekta på.

Sports Night 1998-2000 plakat - Filmdagbok

Publisert

4. november 2009 av

Skapar

Aaron Sorkin

Skodespelarar

Josh Charles (I), Peter Krause, Felicity Huffman, Joshua Malina, Sabrina Lloyd, Robert Guillaume, Kayla Blake, Greg Baker, Timothy Davis-Reed, Jeff MooringVis alle 98 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Komedie, Sport

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Sports Night

TV Time

TV Time-side om Sports Night