Spread

Draumen om å bli stor filmstjerne trekk mange unge folk til Los Angeles, og flesteparten mislykkast. Filmstjerne er likevel ikkje den einaste vegen til eit luksuriøst liv på vestkysten, Nikki (Ashton Kutcher) livnærer seg på å sjekke opp og flytte inn hjå rikare kvinner i 40- og 50-årsalderen.

Det heile er ei form for svindel eller utnytting, Nikki har berre eit mål, det er å kunne leve i ein bra kåk, ha råd til å feste og ligge rundt med yngre kvinner så snart eigaren reiser bort eller noko. Ingen av forholda hans varer spesielt lenge heller, når krav om forplikting stig mot overflata eller dama byrjar å bli kjedeleg, er det tid for å finne ei ny.

Spread er mykje ein film om pene menneske og pengar, trass i at dramaet handlar om den fattige karakteren Nikki. Men det er ikkje til å unngå og trekke fram at uansett storleiken på lommeboka hans, så er garderoben hans beståande av merkeklede frå topp til tå.

Tar du då filmen for det han er, og unngår å forvente ei formidling av ein urettferdig eller i det heile ein realistisk skjebne, så er dette ei underhaldande historie. Ho fortel om eit eventyrleg liv og gir eit lite innblikk det gode liv i draumefabrikken rundt Hollywood.

Litt moralisering finst, men stemma til filmen er ikkje fullt så kritisk som ho kunne ha vore. Alvor finst, som det bør for ikkje at filmen skal bli for sukkersøt. Mest for karakteren si skuld, ikkje for at filmen nødvendigvis skal fortelja noko av tyding. Det minnar meir om ein hipp 1980-talsfilm, der folk spradar rundt i moteriktige klede, har sex med alt og alle, forskjellen ligg i det totale fråvære av narkotika i Spread.

Eg likte filmen. Stemninga han sette meg i og korleis har grep om historia undervegs. Han er smått teit, men om det går an å sei — i positiv forstand.

Spread 2009 plakat - Filmdagbok