Ssa-i-bo-geu-ji-man-gwen-chan-a

Ssa-i-bo-geu-ji-man-gwen-chan-a er Chan-wook Park sitt forsøk i komediesjangeren etter ein dystrare hemntrilogi. Dette er historia om ei ung jente på eit anstalt for forvirra, som trur ho er ein cyborg.

Filmen er meir ei skildring av anstalten med dei rare folka som er der enn ei enkelt historie frå start til slutt. Han held eit roleg tempo og brukar lang tid på å gjere noko ut av seg. For lang tid spør du meg. Men etter han var komen halvveges byrjar det å likne noko. Då kjem den lune humoren fram i lyset og alt får ei meining. Fram til dette må du gå djupt for å få fram det filmen har å tilby. Eg vil ikkje påstå det er dårleg, men når forventingane mine låg på eit litt lettare nivå tapte eg personleg litt av filmen i ein tilvenningsperiode.

Men eg har tru på at filmen vil søkke betre inn med tida, og tene på eit gjensyn, sopass med skryt er eg villig til å gi. Og han var jo sjarmerande, til tider veldig morosam, og samtidig veldig alvorleg. Det var berre tempoet i starten eg ikkje heilt slo meg til ro med.

Ssa-i-bo-geu-ji-man-gwen-chan-a 2006 plakat - Filmdagbok