St. Elmo's Fire

Fire månader etter at college er over. Ei gruppe på sju venner er godt i gang med resten av liva sine. Nokon meir motvillig enn andre. Alle med sine personlege problem som ser ut til å dukke opp i perioden framover.

Nemning av namn er stor sett meiningslaust, men St. Elmo's Fire er ein av desse flotte eksempla der omtrent alle har gått vidare med suksessfulle karrierar. Strengt tatt er ikkje dette den første storfilmen til så mange her, men likevel tidleg i karrierane til Emilio Estevez, Rob Lowe, Andrew McCarthy, Demi Moore, Judd Nelson, Ally Sheedy og Mare Winningham.

Det kan hende mange av historiene i filmen er overdramatiske, men eg har sansen for dette uansett. Det er som sagt ein fin gjeng skodespelarar, og ein fin periode i livet å sette ein film til. Dette er samtidig frå tiåret som er favoritten min på film, 1980-talet, og har også musikken på plass.

Ettersom heile tre stykke herifrå var med i The Breakfast Club, som kom ut berre fire månader tidlegare i 1985, så hentar tankane mine mange positive inntrykk derifrå og inn i St. Elmo's Fire.

St. Elmo's Fire 1985 plakat - Filmdagbok