Stagecoach

Viss det er ein westernfilm som sette og framleis set retningslinjene for seinare westernfilmar, så er det Stagecoach. Regissøren John Ford tok ei enkel historie, nokon interessante karakterar og John Wayne, og kombinerte alt til å bli blant dei beste westernfilmane i historia.

Det er aldri eit kjedeleg augneblink i Stagecoach, som seier ein del om du samanliknar filmen med andre filmar i dag. Ulikt westernfilmar frå seinare tid, så er fråværet av pistolar i store av deler av filmen noko å legge merke til. Ei utruleg historie blir bygd opp til eit klimaks som blir dess meir interessant.

Filmen har ein god del humor. Innslag av ein rusa mann og ein høgttalande sjåfør er viktige. Utan desse innslaga med humor, ville nok Stagecoach for ha blitt kjedeleg. John Ford visst når filmen hans skulle vere artig, og når han skulle vere seriøs.

Prestasjonen til John Wayne er blant dei beste han har i karrieren sin. Han hadde allereie eit tiår med erfaring, men tok med Stagecoach eit større steg inn i verda til hovudstraumsfilmane.

Stagecoach 1939 plakat - Filmdagbok