Star Trek

Serie
1966–1969
4/5

Star Trek er ein serie eg lenge har hatt lyst til å sjå. Eit par gonger før har eg sett den første episoden, utan å bli overbevist nok til å halde fram. Forventingane har vore høge på grunn av legendestatusen.

For ikkje lenge sidan avgjorde eg å gi serien ein tredje sjanse, og sjå meir enn berre den første episoden, i tilfelle dette var blant seriane som trengte ein modningsprosess. Ein ikkje så altfor fjern ide, ettersom det har vore sånn med fleire favorittseriar tidlegare.

Og det tok seg opp. Berre eit par episodar av normal lengde måtte til for at eg såg serien for kva han var. Og det interesserte meg. Star Trek handlar i grove trekk om mannskapet på eit romskip som utforskar verdsrommet, og møter nye utfordringar og ny dramatikk i kvar episode.

Serien har sine avgrensingar som følge av at han er 50 år gammal, ikkje har ein utprega bruk av spesialeffektar og sannsynlegvis ikkje hadde det høgaste budsjettet per episode. Eg tykkjer at mykje av serien ser bra ut, men kan skrive under på at det er enkelt. Gode historier veg derimot nok opp for dette. Ein fin variasjon i kva episodane handlar om, og den ofte vitskaplege og saklege tilnærminga som karakterane har til problema, gjer dette interessant.

At fleire episodar og enkelthendingar blir gjenkjent som følge av refereringa seinare seriar gjer til Star Trek, set også preg på opplevinga.

Eg trur ikkje Star Trek er for alle. Eit lågare tempo med mindre som skjer enn i ein typisk ny serie vil nok kjede nokon. Og det er ikkje til å komme unna at mange føretrekker dystrare seriar. Sjølv set eg pris på optimistiske seriar som hyllar mennesket og livet, heller enn å påstå at menneske er dårlege.

Star Trek 1966-1969 plakat - Filmdagbok

Publisert

28. september 2016 av

Merkelapp

Star Trek

Skapar

Gene Roddenberry

Skodespelarar

Leonard Nimoy, William Shatner, DeForest Kelley, Nichelle Nichols, James Doohan, Eddie Paskey, George Takei, Walter Koenig, Majel Barrett, John WinstonVis alle 524 skodespelarar

Sjangrar

Action, Eventyr, Science fiction

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Star Trek

TV Time

TV Time-side om Star Trek