Star Trek: Generations

Star Trek: Generations var den første av i alt fire filmar som kom ut med mannskapet på Enterprise frå Star Trek: The Next Generation.

Filmen er ein overgang frå den gamle til den nye generasjonen karakterar. William Shatner med fleire dukkar opp for eit siste farvel. Det fungerer mest som ein gimmick. Filmen kunne med fordel effektivisert opningssekvensen utan presentasjon av så mange, gamle kjente.

Det blir to lange timar. Mangel på mystikk, spenning og interessant vinkling tar på. Eg blei stadig meir kritisk utover, og levde meg då ikkje nok inn til å tru at noko stod på spel.

Star Trek: Generations 1994 plakat - Filmdagbok