Star Trek: The Next Generation

Serie
1987–1994
4/5

Ikkje lenge etter at eg fullførte Star Trek, byrja eg å sjå Star Trek: The Next Generation. Dette er ein serie eg i større grad hadde høyrt om, og hadde fleire forventingar til. Men eg ville sjå den originale serien først, for å ha starta på rett stad.

Star Trek: The Next Generation handlar om mannskapet på romskipet Enterprise, og går føre seg hundre år etter tidsrommet til den første serien. Gene Roddenberry er også skaparen til denne serien, noko som gjer at han ikkje blir sett på som ein avstikkar, men ein oppfølgjar. I motsetting til seinare seriar.

I løpet av sju god sesongar blir me med på små og store eventyr på tvers av rom og i blant tid. Stort sett blir ei ny historie fortalt i løpet av ein episode, og i blant over to. Sjølv om handlingar sjeldan går forbi dette, heng serien saman. Noko som inneber at me får ei karakterutvikling og noko lausare samanknyting over tid. Det er nok til å skape familiaritet og halde litt ekstra på interessa.

178 episodar er mykje, og ikkje alle er like gode. Heldigvis er det i få episodar at konsentrasjonen sviktar, og serien har eit stort tal med vanvittig gode episodar som både er spennande og tematisk interessante. Innslaget av desse verkeleg gode episodane kjem på tvers av heile serien. Så seint som den aller siste episoden er minneverdig på tvers av ein kva som helst serie.

Samanlikna med den originale serien Star Trek frå 1966, som også var god, men på ein annan måte, stikk nok Star Trek: The Next Generation djupare og byr på meir av det gode. Skulle eg velja å anbefale ein, må det bli denne. Heldigvis har eg hatt gleda av å sjå begge, noko som har tatt meg lenger inn i det oppdikta Star Trek-universet.

Med tanke på lengda og evna til å halde interessa mi heile vegen, kunne eg nesten gått for ei topprangering. Ho sit høgt. Grunngivinga er den at eg har sett seriar kor eg har vore meir involvert, og dermed fått noko meir ut av. Sjølv om seriar er ulike og dermed har ulike mål, er eg trygg på plasseringa.

Star Trek: The Next Generation 1987-1994 plakat - Filmdagbok

Publisert

25. desember 2016 av

Merkelapp

Star Trek

Skapar

Gene Roddenberry

Skodespelarar

Patrick Stewart (I), Jonathan Frakes, LeVar Burton, Marina Sirtis, Brent Spiner, Michael Dorn, Gates McFadden, Majel Barrett, Wil Wheaton, Colm MeaneyVis alle 935 skodespelarar

Sjangrar

Action, Eventyr, Mysterium, Science fiction

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Star Trek: The Next Generation