Star Trek VI: The Undiscovered Country

Ein eksplosjon skjer på månen til planeten til klingonane, fienden til Federation som våre venner i Star Trek er del av. Katastrofen resulterer i at ozonlaget blir estimert til å forsvinne innan 50 år, og ei form for fred eller samarbeid med Federation er nødvendig for klingonane. Men ikkje alle vil så vel. Innleiinga til fredsforhandlingane blir sabotert, og Kirk (William Shatner) og McCoy (DeForest Kelley) blir utpeika som skyldige.

Eg har sansen for Star Trek-filmane, både dei med mannskapet frå Star Trek og dei med mannskapet frå Star Trek: The Next Generation. Og eg har sett Star Trek VI: The Undiscovered Country før, utan at eg hugsar detaljane, men eg veit at eg likte filmen. Dette gjensynet var likevel ikkje det helt store. Opplevinga ber preg av at dette drar ut, at det ikkje er den helt store spenningen, og heller ikkje så mykje meir interessant som er verdt å legge merke til utanom historia.

Dessutan er det for enkelt. Frå tidleg i filmen er det klart kven som står bak. Ikkje fordi eg har sett filmen før, men fordi det tilnærma blir servert eit svar på et sølvfat. Så filmen har heller ikkje det å vere lur og spele på heller.

Ein annan ting eg sakna var humor. Karakterane i filmen byr på seg sjølv, og er på mange måtar med som alltid, men dei er litt trøytte og slappe når det gjeld komedie. Forsøka er der, men gjennomføringa sviktar.

Grei er ordet som best kan skildre filmen. Grei å sjå fordi det er ein Star Trek-film, grei gjennomføring og ei godkjent historie. Men like lett som eg hadde gløymt kva filmen handlar om frå førre gang, vil eg nok gløyme det igjen.

Star Trek VI: The Undiscovered Country 1991 plakat - Filmdagbok