Star Wars: Clone Wars

Serie
2003–2005
3/5

Star Wars: Clone Wars var artig. Eg skulle ønske at dei hadde erstatta kampscenene frå dei siste Star Wars-filmane med det me får sjå her, for i teiknefilmstil så blir laserane og lyssverdfektinga langt mindre slitsam og mykje artigare å følge med på. På film, som i Star Wars: Episode III – Revenge of the Sith, blei det så mykje at eg ikkje orka å følge med.

Spesielt kampscena med Mace tok pusten ut av meg, og er noko av det betre eg har sett i teiknefilmformat.

I tredje sesong er det gjort plass til meir historie enn tidlegare i serien. I tillegg til dei spreke kampane som utgjer brorparten av underhaldninga i serien. Det er dermed mindre hektisk enn tidlegare, men serien gir meir tilbake ettersom han gir eit betre innsyn til kva som vil komme i Star Wars: Episode III – Revenge of the Sith. For som resten av serien er dette handling som på tidslinja går føre seg mellom andre og tredje episode i Star Wars-filmserien.

Star Wars: Clone Wars 2003-2005 plakat - Filmdagbok