Star Wars: Episode VII - The Force Awakens

Om det nyaste Star Wars-innslaget er det sikkert sagt så mangt, og eg kunne også sagt ein del, at det ville krevje langt meir å formulere eit samanhengande innlegg her enn nivået eg vanlegvis held på Filmdagbok. Eg vil difor framstille mine tankar på eit grunnleggande og enkelt vis, om handlinga og karakterane først og fremst.

For Star Wars: The Force Awakens fungerer godt. Både med tanke på ei samanhengande og engasjerande historie, og måten karakterar blir følgde og introdusert på. Verken det eine eller andre er for omfattande, samtidig som Star Wars-universet er og blir framstilt som omfattande.

I hovudsak følger me Rey (Daisy Ridley) og Finn (John Boyega) som blir kasta rett inn i ei pågåande greie. Det handlar om eit kart som vil føre til Luke Skywalker. Og på vegen til å finne han dukkar det opp ein god del hindre. Og litt andre folk her og der, men i hovudsak kjem me alltid tilbake til Rey eller Finn. Det er ei typisk heltereise, som gir rom for helten eller heltane å vekse til å møte den motstanden som måtte komme.

Trass i at det skjer mykje, gjer denne vinklinga til at filmen framstår som passe fokusert. Eit grep det er vanskeleg å holde i filmar der kjeldemateriale og inspirasjonen er rik og viktig, og filmskaparen gjerne vil for mykje.

Undervegs er det mykje action, effektar, fram og tilbake. Men heile vegen evnar filmen til å komme tilbake til karakterane, deira forhold, psyke og utvikling. Karakterane er det mest interessante i dette tilfelle, og eg er tilfredsstilt med skjermtida dei får. Daisy Ridley gjer blant anna godt inntrykk. Harrison Ford overraskar med si livlege formidling. Det er lite å sette fingeren på.

Eg har sansen for Star Wars, men er ingen blodfan. Filmane er rike på fantasi og handling, og kan sjåast opp igjen. Star Wars: The Force Awakens føyer seg inn i toppsjiktet her, og er med å heve interessa min for framtidige filmar. Det er både ein god film, og ein god ny start. Og eg er spent på utføringa av både Episode-filmane og andre kommande Star Wars-filmar.

Star Wars: The Force Awakens held seg også godt etter eit gjensyn.

Star Wars: Episode VII - The Force Awakens 2015 plakat - Filmdagbok

Publisert

19. september 2016 av

Merkelappar

Star Wars, Disney

Regissør

J.J. Abrams

Manusforfattarar

Lawrence Kasdan, J.J. Abrams, Michael Arndt, George Lucas

Skodespelarar

Harrison Ford (I), Mark Hamill (I), Carrie Fisher (I), Adam Driver (I), Daisy Ridley, John Boyega, Oscar Isaac (I), Lupita Nyong'o, Andy Serkis, Domhnall GleesonVis alle 188 skodespelarar

Sjangrar

Action, Eventyr, Science fiction

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Star Wars: Episode VII - The Force Awakens