Star Wars Galaxies: An Empire Divided

Mitt første møte med Massive Multiplayer Online Role-Playing Game, MMORPG, var Star Wars Galaxies: An Empire Divided i 2003. Ein kamerat skulle kjøpe og spele dette, og eg bestemte meg for å gi det ein sjanse også.

Dette var ikkje så lenge inn i tida kor eg hadde breiband, og å kunne sitte å spele samanhengande i så mange timar på nettet som eg ville var framleis spesielt.

Det blei med ein månad speling. Det var nok å gjere her, men eg hugsar for det meste at tida gjekk med på å traske rundt og lage saker og ting. Etter ei oppdatering blei køyretøy innført, og eg hugsar at dette førte til at spelet gjekk veldig seint. Så omtrent på det tidspunktet slutta eg.

Star Wars Galaxies: An Empire Divided 2003 plakat - Filmdagbok