Star Wreck

Sjeldan tyr eg til den lågaste rangeringa på skalaen, men ein stort verre parodi og kortfilm enn Star Wreck skal du leite lenge etter.

Star Wreck parodierer Star Trek. Dette blir gjort med billege grep som å endre på namn frå Kirk til Pirk, og Klingons til Plingons. I løpet av nokon få minuttar prøver denne febrilsk å lage mest mogleg komedie ut av det største kjenneteikna til Star Trek.

Vanlegvis når noko er dårleg, så kan eg gi litt skryt for eit eller anna. Enten ein snev av et forsøk. Men her ser eg verken poenget i å lage og iallfall ikkje å gi ut dette drite.

Star Wreck 1992 plakat - Filmdagbok