Stardust

Neil Gaiman er stor innan teikneseriebransjen. Personleg har eg aldri fått sett meg inn i verken The Sandman eller den illustrerte bokversjonen av Stardust. Reint faktisk var eg usikker om Stardust då han har blitt samanlikna med The Princess Bride, ein film som ikkje fall i smak hjå meg.

Men Stardust var god og klarar å spele på dei rette notane og gjer opp regneskapet i fantasisjangeren for vedkommande etter The Golden Compass hamna midt på treet tidlegare denne månaden. Desse filmane kan ikkje bli samanlikna direkte, Stardust har hekser, prinsar, piratar og ei eventyrverd på andre sidan av ein mur. The Golden Compass skal eigentleg vere ein meir alvorleg og uordinær affære, utan å gjere Stardust sine eventyrtrekk til eit trekk i samanlikninga.

Tristan (Charlie Cox) lovar jenta han elskar å hente ei fallen stjerne for å bevise kjærleiken. For å nå dit må han krysse eit hol i ein mur. Holet er inngangen til ei verd med hekser og prinsar som også skal ha tak i stjerna. Utan å rote det til har Matthew Vaughn med mannskap klart å skape eit eventyr med søt romantisk tone pluss dei rette dosane med alt det andre som skal til for å skape eit godt skode.

Mange av skodespelarane er folk eg ikkje har den største kjennskapen til og det skapar ei frisk innpakking av historia. Dataanimasjon finst det nok av her, heldigvis blir den ingen last.

Styrken til filmen er nok at han vil fortelja ei fin historie. Det klarer han godt utan å la dei brukte verkemidla bli ei greie i seg sjølv.

Stardust 2007 plakat - Filmdagbok