Starman

Starman er ein John Carpenter-film som går i ei litt anna retning enn det andre eg hittil har sett av mannen. Tydeleg retta mot eit større publikum med fokus på romanse og komedie, men likevel nokon av kjenneteikna som gjer John Carpenter til ein god regissør.

Jenny Hayden (Karen Allen) sørgar over den avlidne ektemannen då Starman – eit romvesen – (Jeff Bridges) ei natt dukkar opp og lagar seg ein kropp nærast identisk til ektemannen. Ikkje heilt tilpassa i menneskekroppen Starman og Jenny Hayden ut på biltur til Arizona med politiet i hælane.

Karakteren Starman minnar sterkt om Mr. Bean i sosial tilpassing, og prøver heller ikkje vere meir seriøs. Humoren nådde meg mest via den banale og på trynet oppførselen til Starman, eller kanskje det at Jeff Bridges spelar utruleg dårleg i filmen. Men John Carpenter har gjort det han kan med det han har, samt med eit godt lydspor nok ein gong, og som science fiction-komedie er dette morosamt nok.

Den romantiske delen av filmen er svak og saman med mange dumme setningsvitsar trekk det filmen ned på jorda.

Starman 1984 plakat - Filmdagbok