Starship Troopers

Før var eg mest opptatt av at det var fart og spenning, eg såg på Starship Troopers som eit romactioneventyr med masse, masse skyting og herleg grønt og oransje gørr flygande i alle retningar, pene damer og tøffe soldatar utan mykje hjerneaktivitet for seg. Dette var vel rundt sju år sidan.

No var opplevinga ei litt anna. Eg la nok meir merke til den useriøse tonen og all overdrivinga som bevisste trekk ved filmen enn at det berre var tilfeldig gøy, men tykte likvel ikkje det fungerte optimalt. Uansett bevisst overspel, overdriving eller over toppen av det fornuftige blir det altfor hjernedød action. Det er ikkje nødvendigvis ein negativ ting, eg kan sette pris på slike filmar om det ligg meir bak enn i Starship Troopers, men klarar ikkje å engasjere meg nok til å like dette.

Av dei to timane han varer blei halvparten slitsam og resten underhaldande viss eg smørjer dei delene saman. Bortkasta tid er å overdrive, men å kalle det anbefalt bruk av tid er som å tru på dodraugen.

Starship Troopers 1997 plakat - Filmdagbok

Publisert

6. november 2007 av

Regissør

Paul Verhoeven

Manusforfattarar

Edward Neumeier, Robert A. Heinlein

Skodespelarar

Casper Van Dien, Dina Meyer, Denise Richards (I), Jake Busey, Neil Patrick Harris, Clancy Brown (I), Seth Gilliam, Patrick Muldoon, Michael Ironside, Rue McClanahanVis alle 97 skodespelarar

Sjangrar

Action, Eventyr, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Starship Troopers