Starsky & Hutch

Starsky & Hutch er ein komedie basert på ein tv-serie som gjekk mellom 1975–1979. Og det er ein ganske morosam komedie med mange blinkskot. Herleg og frisk.

Det handlar om to politimenn som sjølv lev litt på kanten av lova, men som skal vere blant dei ærlege typane. Eg er motstandar av påstanden om at målet helliger middelet, men i Starsky & Hutch er midlane likevel utgangspunkta for den gode komedien.

Ben Stiller og Owen Wilson er ein god kombinasjon av skodespelarar som eg har sansen for, og dette er blant dei betre filmane dei spelar mot eller med kvarandre i.

Ein god komedie som kan bli sett igjen fleire gonger.

Starsky & Hutch er ein av desse filmane med desse to som lykkast i å basere seg på to over toppen karakterar, og med endå drygare innslag av desse som utkledde spanarar.

Sett til eit fargerikt 1970-tal og med eit funky lydspor har Starsky & Hutch det som skal til for å danne ei lett og lystig stemning. Filmen er på langt veg ein komedie som ikkje støttar seg til alvor for å framheve humoren heller, men trass i det fungerer godt.

Ein film blant dei rosverdige med the fratpack.

Starsky & Hutch 2004 plakat - Filmdagbok

Publisert

17. mai 2004 av

Regissør

Todd Phillips

Manusforfattarar

William Blinn, Stevie Long, John O'Brien, Todd Phillips, Scot Armstrong

Skodespelarar

Ben Stiller, Owen Wilson (I), Snoop Dogg, Fred Williamson, Vince Vaughn (I), Juliette Lewis (I), Jason Bateman (I), Amy Smart (I), Carmen Electra, George CheungVis alle 85 skodespelarar

Sjangrar

Action, Komedie, Krim

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Starsky & Hutch