Starter for 10

Birger Westmo i Filmpolitiet på NRK skrytte grenselaust over lydsporet til Starter for 10, ein britisk romantisk komedie sett til det fantastiske årstalet 1985. Og filmar med god musikk er jo lett å like.

Brian Jackson (James McAvoy) byrjar på universitetet for å ta inn nye inntrykk og tilfredsstille kunnskapstørsta si. Han melder seg inn i quizlaget og møter eit par søte jenter på campus som han styrer på mellom.

Det er sjeldan eg tenker over det så mykje på film, men etter Birger Westmo rosa musikken opp i skyene blei eg sittande å tenke over dette gjennom heile Starter for 10. Musikksmak er jo veldig subjektivt, og det skal vanskeleg gjerast å treffe alle. Men eg likte musikken her, det er berre det at det blir altfor mykje, og det kjennest meir pressa inn enn henta inn. Dette speglar over på handlinga, der eg sit igjen med kjensla om at filmen prøver å ta tak i for mykje og dermed mister fokus. Kjensla av at det er hasta for å få plass i filmen gjer at eg ikkje klarer å involvere meg så mykje som eg gjerne ville.

Det betyr ikkje at filmen snublar, men den kunne ha vore betre, den kunne ha vore knallgod. James McAvoy passar godt inn i rolla som den direkte og naive Brian, spesielt flaue scener klarer han å gjere inntrykk i utan å dra det for langt, ikkje noko flaue scener som med Jim i American Pie her altså. Filmen har humor og er varm, sentimental, men godt balansert. I sjangeren sin er den utan tvil ein av dei betre.

Starter for 10 2006 plakat - Filmdagbok