Staten Island Summer

Ein typisk sommarfilm frå USA er ein der dei viktigaste karakterane i filmen jobbar ved eit badebasseng, sjangeren er komedie, og forelsking eller liknande er del av tema.

Staten Island Summer føyer seg inn blant desse, men gjer små vriar og prioriteringar, eventuelt tonar det noko ned, som skil filmen ut frå dei mest typiske. Om dette er til fordel for filmen eller ei ulempe er vanskeleg å avgjere. På ein måte skjer det ikkje så mykje sprøtt her, på ei anna side er filmen vaksnare.

Ein snev av Project X får me også etter kvart, som i at filmen går mot ein fest, og denne festen tar av. Men her framstår filmen som ein middels kopi av Project X, sjølv om det er mest i samanlikninga at Staten Island Summer er svakare.

Men dette er ein fornøyeleg film, om det var tvil. Det beste på tvers av heile filmen er rolleprestasjonen til Zack Pearlman, han har dei siste åra slått seg opp som ein komisk hjelpar i mange tilfelle, men framstår samtidig som dyktig nok til å kunne bli meir. Framtida er lys. Av andre lyspunkt er politiparet som dukkar opp, og som nesten ser ut til å vere tatt rett ut av Superbad. Dei er i tillegg til Zack Pearlman det største humoristiske alibiet til filmen.

Staten Island Summer er god som straumefilm, og verdt å sjå om du kjem over han.

Staten Island Summer 2015 plakat - Filmdagbok