Stay Alive

Historia er basert på eit spel, Stay Alive, som handlar om å halda seg i live. For døyr du i spelet, så døyr du i realiteten og. Det er snakk om skumle saker her. Ja, filmen er faktisk litt skummel, det var ikkje eit dårleg forsøk på å vera sarkastisk. Men han klarar ikkje gjennomføra det godt nok. Det vert greie oppbyggingar som resulterer i dårlege og tamme drap.

Det hjelp ikkje filmen at han er full av lause trådar og ulogiske koplingar. No er ikkje det med logikk noko eg legg vekt på i alle filmar uansett, men her klarte eg ikkje unngå å fnysa av enkelte detaljar.

Spesialeffektane må ha kosta litt. Dei er på langt nær så gode som i ein annan adapsjon av eit spel, Silent Hill, men så er jo dette ein film om eit dataspel, ikkje basert på eit dataspel. Uansett kan ikkje dei som har produsert filmen ha håpa på anna publikum enn amerikansk ungdom interessert i seriar. For filmen er flust av skodespelarar som har slått gjennom i amerikanske tenåringssåper.

Trass i alt det dårlege i filmen, var han som nemnt litt skummel, og eg føler ikkje at eg har sett ein fullstendig flopp. Men eg gir svakaste vurdering. Han er heller ikkje morosamt dårleg,.

Stay Alive 2006 plakat - Filmdagbok