Steamboat Bill, Jr.

To år etter Buster Keaton slåst mot eit løpsk tog i The General, er livet på ein elvebåt motstanden hans i Steamboat Bill, Jr.

Det herlege med ein Buster Keaton-film er at det nesten er garantert fantastisk fysisk komedie. Samtidig er det så mange finurlege detaljar, blant anna i måten tekstkorta blir formulert.

Her spelar han ein fyr som ikkje har sett faren sin siden han var eit barn. Og no skal jobbe på elvebåten til faren. Noko han ikkje har peiling på korleis fungerer, og som det blir eit leven ut av. Samtidig er det hard konkurranse med ein annan elvebåt som gir filmen ein snev av alvor og dermed gir meir effekt til humoren.

Steamboat Bill, Jr. er ei trygg anbefaling om du har tenkt å sjå ein Buster Keaton-film, og ikkje veit kor du skal starte.

Steamboat Bill, Jr. 1928 plakat - Filmdagbok