Steep

Steep angrip verda til ekstremskisporten slik First Descent gjorde det med snøbrett. Viss du ikkje har sett First Descent så seier dette deg lite eller ingenting, men det betyr altså at Steep er ein nydeleg sportsfilm i behageleg tempo som tillegg vekt i sporten og miljøet rundt. Nydeleg som i at det er proffe kameramenn og redigeringsarbeid og ikkje minst at filmen har fått musikk komponert for seg. Oppbygginga gjer også at det stadig blir meir dramatisk etter kvart som me følger sporten gjennom åra kronologisk med litt historie.

Her er det også nerve som pressar meg ekstra godt bak i stolen. Naturen som blir framstilt er av den mektige og farlege typen. Dette blir stadfesta av kommentator og ikkje minst utøvarane som trassar farane, men ikkje i dømmande kraft. Faren blir som dei andre faktorane som skulle ha vore hinder eller grunnar for å leve draumen om å flyte ned bratte, snøbelagte fjellsider, eit forsøk på å skildre det useielege, filmen får likevel fram at det er ei drivkraft. Steep er utan tvil romantiserande, ein film som dette skal vere det synst eg, for han skal klare å appellere til fleire enn berre skifolket, han skal vere litt på kanten og gi ei levande kjensle.

Store ord om ein stor film, Steep har eit par små minus som at det kan bli for store ord i blant, litt for store til å svelje, men få filmar gir meg ei sitrande kjensle som dei held så lenge på som det skjer her. Eg trur denne kan nå både dei som likar filmar med natur, med eventyrlystne menneske, så vel som dei som vil sjå han for skiståinga sin del.

Steep 2007 plakat - Filmdagbok