Step Brothers

Så, det heile starta med brask og bram. Dei ti første minuttane var Step Brothers like morosam som eg hadde håpt på etter å ha sett ein morosam filmtrailer. Ikkje alle likar å sjå filmtrailerar, fordi dei ofte gir eit feil inntrykk av filmen. I dette tilfelle har likevel filmen meir å fare med enn dei få morosame scenene som blir brukt i marknadsføringa. For å sette dette i perspektiv, ein film kan ha ei morosam scene, men det må mange morosame scener til for at filmen kan seiast å vere morosam.

Etter kvar som minuttane rulla vidare forventa eg eit vendepunkt, der den sentrale idéen i filmen som eg skal komme tilbake til straks, ikkje lengre ville klare å bere formatet ut 90 minuttar.

Will Ferrell og John C. Reilly er begge rundt 40 år og bur framleis med foreldra sine. Når foreldra giftar seg og flyttar i lag blir dei tvinga til å dele rom. Det skal seiast at begge oppfører seg som 10-åringar og deira barnslege kranglar er hysteriske å sjå på.

Sensuren er borte og du høyrer stadig grove ord i dei herlegaste samanhengane, utan at det blir for mykje. Forholdet mellom desse to utviklar seg forbi eit forventa stoppepunkt, men så er dette også ein film av Anchorman: The Legend of Ron Burgundy-filmskaparen Adam McKay, produsert av min vesle favoritt, Judd Apatow.

Step Brother leverer altså. Will Ferrell og John C. Reilly finn på mykje kødd, men eg klarer å innfinne meg med alt dette. Måten det blir gjort på verka å legge vekt på meir enn å stappe fleire enkeltidear inn etter kvarandre. Det blir ein slags samanheng i dette.

Som bonus gjer Richard Jenkins ei herleg tolking av faren til rollefiguren til John C. Reilly.

Step Brothers 2008 plakat - Filmdagbok