Step Up 2: The Streets (2008)

Film / 3. april 2016
3/5

Andre film ut i Step Up-franchisen er ein film med lause relasjonar til forgjengaren Step Up. Hovudpersonen her møter og har kjennskap til Channing Tatums karakter frå Step Up og overtar den metaforiske stafettpinnen. Handlinga handlar så klart om dans og føregår også i Baltimore.

Briana Evigan er Andie. Filmens sentrale karakter og ny student ved kulturskulen Maryland School of the Arts. Ho har tilknyting til gatedansarar frå før, som blir splitta da ho byrjar på denne skulen.

Heile filmen handlar om en konkurranse, The Streets, og om det nye crew-et til Andies veg til å komme dit. Step Up 2: The Streets fortel denne historia med mykje spetakkel og lite substans. Det merkes mest etter filmen er ferdig, og er for så vidt heilt greitt.

Min favoritt i filmen er Briana Evigan, som overgår hovudrolla i forgjengaren i utstråling. Eg trur det rette ordet er fengsla. Dansinga hennar og også i resten av filmen er ikkje helt i mi gate. Det vil sei at det er kurant å sjå på, men lite eg lar meg imponere spesielt av.

Step Up 2: The Streets slår mest an på grunn av rytme, rørsle, liv og røre. Historia er her for å kunne vise fram dette.

Step Up 2: The Streets 2008 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Step Up

Regi

Jon M. Chu

Manus

Toni Ann Johnson, Karen Barna, Duane Adler

Skodespelarar

Briana Evigan, Robert Hoffman, Adam G. Sevani, Cassie Ventura, Danielle Polanco, Christopher Scott (XII), Mari Koda, Janelle Cambridge, Luis Rosado, Harry Shum Jr.

Sjangrar

Drama, Musikal, Musikk, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Step Up 2: The Streets

Forfattar