Step Up 3D

Step Up 3D er endå litt meir prangande og har litt mindre substans enn tidlegare Step Up-filmar. Men det går greitt.

Moose frå Step Up 2: The Streets er den innleiande protagonisten. Etter kvart blir eg usikker på kven som er den viktigaste og bærande karakteren, og denne mangelen på fokus kan også opplevast i andre deler av filmen.

Historia her er om ei gruppe som må vinne ein konkurranse. Og om nokon karakterar med privat drama. For meg som har sett kostymefilmen The Warriors framstår Step Up 3D som ein moderne variant av dette komiske opplegget. Eit forsøk på å vere kul, som fell litt under ein stol, men som blir vekta opp av karakterar som er lette å like.

Eg kunne tenke meg eit sterkare grunnlag. Ein karakter med ein problematikk som bygde opp undervegs i heile filmen. Dansinga er derimot den primære tidsbruken, og det blir litt lite tid til å bygge opp anna historie. Eg meiner at mindre dansing og meir oppbygging hadde gjort dette meir spennande.

Poenget i mitt skriv om filmen er at dei rette elementa er på plass, men fordelinga er feil. Det med at filmen er smått komisk, prøver å vere kul og slikt er ikkje meir enn underhaldningsverdi for min del.

Step Up 3D 2010 plakat - Filmdagbok

Publisert

4. april 2016 av

Merkelapp

Step Up

Regissør

Jon M. Chu

Manusforfattarar

Amy Andelson, Emily Meyer, Duane Adler

Skodespelarar

Rick Malambri, Adam G. Sevani, Sharni Vinson, Alyson Stoner, Keith Stallworth, Kendra Andrews, Stephen Boss (II), Martín Lombard, Facundo Lombard, Oren MichaeliVis alle 189 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Musikk, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Step Up 3D