Step Up All In

Etter å ha sett meg gjennom alle Step Up-filmane frå første til siste, er denne femte filmen meir enn innhaldet åleine. Dei sentrale karakterane i Step Up All In er frå dei førre filmane, så langt tilbake som til Step Up 2: The Streets med Briana Evigan og Adam G. Sevani. Og denne samansettinga tilfører filmen noko ekstra.

Historia i Step Up All In handlar om at Ryan Guzman frå Step Up Revolution og Briana Evigan skal ta eit nytt mannskap med til ein konkurranse i Las Vegas. Oppbygginga til dette og årsaka har sin del av forteljinga, og føyer det til nødvendige personlege grepet.

Briana Evigan spelar min favorittkarakter blant alle Step Up-filmane, og eg gler meg over å sjå ho dukke opp igjen. Også den rare Adam G. Sevani har vakse med serien, og blitt eit viktig kjennemerke.

Step Up All In er forutan ein nostalgisk tur eit relativt overflatisk spetakkel. Lite av dramaet stikk djupt og dansinga er dessverre litt tam. Alt er over før eg føler det har byrja, og det er ikkje heilt bra når dette er blant dei lengste filmane i serien.

Eg kjem ikkje unna at eg likevel let meg underhalda og prøver å ta mest mogleg til meg av karakterane sine historier.

I skrivande stund er Step Up All In det førebels siste tilskotet. Ord om at ein ny Step Up-film vil bli den siste verserer, og eg ser fram til det. Der eg også håpar at dei fleste av folka eg kjenner vil komme tilbake. Ut frå dette vil eg sei at franchisen har lykkast med det som franchiser skal gjere, som er å få meg passe ukritisk tilbake til film etter film.

Step Up All In 2014 plakat - Filmdagbok

Publisert

6. april 2016 av

Merkelapp

Step Up

Regissør

Trish Sie

Manusforfattarar

Duane Adler, John Swetnam

Skodespelarar

Ryan Guzman, Briana Evigan, Adam G. Sevani, Misha Gabriel Hamilton, Stephen Boss (II), Stephen Stevo Jones, David Shreibman, Mari Koda, Christopher Scott (XII), Luis RosadoVis alle 126 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Musikk, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Step Up All In