Step Up: High Water

Serie · 2018–2019 · · 7. mai 2021
3/5

Step Up: High Water er ein lett ungdomsserie som går i vante spor når det kjem til ungdomsseriar. Her er det stukturelle likskaper med andre tenåringsseriar frå dei siste to–tre tiåra. Noko som gjer Step Up: High Water midt i blinken som eit avbrekk.

Serien som opprinnlegge kom på YouTube, er sett til det same oppdikta universet som Step Up-filmane. Om du ikkje er kjent med dei, så er det ei rekke dansefilmar som byrja med Channing Tatum og Jenna Dewan i 2006. I ettertid kom det ikkje mindre enn fire oppfølgjarar.

Med serien er formatet nytt, med hovedinnhaldet er likevel det same. Det er dansing som står sentralt. Livet til nokre ungdommar i Atlanta blir sett i søkelyset, og deira tilknytning til kunstskulen High Water. Mens det innleiingsvis handlar mykje om det å komme inn på skulen, og å gå på skulen, så tek serien etter kvar ei vending mot det å danse for ei stor musikalsk stjerne. High Water er uansett staden det skjer.

For bak High Water står Sage Odem, ei superstjerne i musikkverda. Han blir spelt av artisten Ne-Yo, og planlegg i serien nokre greier som han treng dansarar til. Det er først i andre sesong at dette blir altoppslukande for tida til serien, men grunnlaget blir lagt i første sesong.

I det eg skriv dette innlegget så har eg sett dei to første sesongane. Med unntak av nokre små justeringar på skodespelarfronten, så går dei to sesongane omtrent i eit. Så det fall meg ikkje inn å skulle dele oppsummeringa av dei i to. Då serien ikkje legg lista for originalt drama så høgt, så held serien seg stabilt med tanke på det mellommenneskelege på tvers av sesongane. Det når ikkje opp til dei altoppslukande tenåringsseriane eg såg for mange år sidan, som Dawson's Creek, One Tree Hill og The O.C. Kanskje er samanlikninga også urettferdig. Step Up: High Water er nok litt vaksnare i tonen, men like full enkelt strukturert og styrt av nokre personproblem som verkar meir obligatorisk å gå innom enn godt oppbygd med manuset.

Rangeringa landar på ein solid plass midt på treet. Det er god underhalding, og omtrent akkurat som forventa. Eg skulle håpe å bli meir gripe eller rørt når noko alvorleg skjer. Men eg tykkjer filmen treff fint på noko av humoren i det minste. Og dansinga som er hovudårsaka til å sjå han, treff han godt på.

Lik eller kommenter innhaldet på sosiale medier på www.instagram.com.
Step Up: High Water 2018-2019 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Marcus Emanuel MitchellTerrence GreenNe-YoVis alle

Sjangrar

Land