Step Up Revolution

Film · 2012 · · 5. april 2016
3/5

I Step Up Revolution følger me folk som dansar i Miami. Me er framleis i same fiksjonsunivers som i dei andre Step Up-filmane, men ikkje før mot slutten av filmen får me stadfesta denne koplinga.

Filmen handlar om ei dansegruppe som prøver å vinne ein YouTube-konkurranse, og som brukar flash mobs for å skape merksemd som kan hjelpe på sjåartalet. Han handlar også om eit eigedomsutviklingsselskap som har planar om riving og utbygging av bydelen der fleire av våre karakterar bur. Dei to sentrale karakterane har kvar for seg tilknyting til ein av desse to fraksjonane.

Det eg likar meir med Step Up Revolution enn med forgjengaren Step Up 3D er at denne legg meir vekt på å skape historie rundt karakterane sine. Og det eg likar meir med denne enn både forgjengaren og filmen før der igjen, Step Up 2: The Streets er at porsjoneringa av dansenummera her er betre. Det er mindre, og det gir meir.

Karakterane her er derimot ikkje så gode som dei i Step Up 2: The Streets, og ein del av den dramatiske utføringa i Step Up Revolution verkar for enkel til å bli truverdig. Men det er detaljar, og desse har stort sett vore oversett på nokon område i alle Step Up-filmane hittil. Det filmen eigentleg handlar om er å ha eit enkelt rammeverk til å vise dansing.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Step Up Revolution 2012 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Cleopatra ColemanRyan GuzmanMisha Gabriel HamiltonVis alle

Sjangrar

Land