Step Up (2006)

Film / 2. april 2016
3/5

Gode verdiar kan dukke opp i all slags film. Eg skyr ikkje dansefilmar, men eg hadde ikkje dei største forventningane i forkant av Step Up. Så filmens tematikk gleda meg ekstra.

Channing Tatum og Jenna Dewan blir dansepartnerar i Step Up. Ein film om ein ung gut på kanten av loven som møter en dedikert danserinne når han må gjere samfunnsteneste som vaktmeister på ein kunst- og kulturskule.

Det er en standard blanding av motsetningar og romantikk, og om hard konkurranse innanfor dansemiljøet. Mest fronta som det harde arbeidet som må til for å lykkast. Og det er her dei gode verdiane kjem inn. Spesielt karakteren til Jenna Dewan Tatum har jobba hardt og lenge for å bli god. Ho har investert tid og krefter i fleire år for å lykkast. Det å bli god på eiga hand er ein dyd å sjå opp til.

Når Channing Tatum kjem inn i bilde snur han også om på livet sitt. Frå å stela bilar går han til å jobbe med seg sjølv, og med det han vil. Han gjer sitt beste ut av situasjonen og krev ikkje at andre skal ofre seg for han lenger. Slik han gjorde når han stal bilar.

Denne gode sida ved Step Up gjer det som elles er ein midt på treet romantisk dansefilm til ei fornøyeleg sak.

Step Up 2006 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Step Up

Regi

Anne Fletcher

Manus

Melissa Rosenberg, Duane Adler

Skodespelarar

Channing Tatum, Jenna Dewan, Damaine Radcliff, De'Shawn Washington, Mario, Drew Sidora, Rachel Griffiths, Josh Henderson, Tim Lacatena, Alyson Stoner

Sjangrar

Krim, Drama, Musikk, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Step Up

Forfattar