Stestí

Denne tsjekkiske filmen har klart å komme seg til Noreg, og er her å finne som Noe i nærheten av lykke. Stestí på tsjekkisk har meir enn ei meining, men at dei alle ligg i nærleiken av lykke kan stemme ganske godt.

Filmen er altså tsjekkisk, og det er ein fattigare del av Tsjekkia me møter. Me blir ikkje spart for sanninga på noko vis. Filmen gir ei til tider brutal skildring av kvardagen til arbeidslause på jakt etter glede å holde seg fast til.

Alkoholisme, eller berre alkohol i større utbreidd bruk, galskap og den uoppnåelege kjærleiken er tema som blir brukte. Filmen drar oss ned i den vonde sirkelen av å bli halde tilbake, og prøver absolutt ikkje glorifisere noko som helst. Han kjennest brutalt ærleg. Nettopp på grunn av dette likte eg filmen, han kjennest så veldig ekte.

Det blir oppgitt rundt omkring at dette er ein komedie. Difor kategoriserer eg det som ein her òg. Men dette er meir drama og tragedie enn komedie.

Stestí 2005 plakat - Filmdagbok