Stick It

I motsetning til kameraføringa og klippinga til denne filmen vil ikkje dette innlegget bli fancy. Eg har lite til overs for filmar som Stick It. Men forutan den glorifiserte framstillinga av ein tidlegare idrettsjente, überpunka jente sitt nye, ufrivillige, forsøk på turnarenaen, så er det iallfall tre ting eg kan like her: Missy Peregrym, scena med bandet Electric Six sin song Dance Commander i bakgrunnen og ei scene der Missy Peregrym må ty til tårene. Eg tyr sjeldan til tårer under filmsjåing, men sistnemnte var ei vakker scene.

Filmen klarar elles ikkje vekke særleg interesse, men gir ein lite smakebit av korleis livet for turnjenter er, om du ser forbi alt tullet som er lagt til for å gjere det interessant og skape ein film av det. Litt breiddekunnskap har aldri skada nokon, men eg har fått min dose hopp og sprett frå den kanten av idrettsverda med dette.

Stick It hamnar i same bås som dansefilmen Honey. Ei søt jente spelar talent. Det er synd eg er ikkje klarte å oversjå at Stick It skor seg på gammaldags filmteknikk ved å skjule ansiktet til utøvaren som skal representere karakteren til Missy Peregrym.

Eg har dessutan bestemt meg for å ta meir i bruk det nedste steget på skalaen, så samanlikna med mykje anna eg har sett i det siste blir eg litt strengare med denne filmen. Han er ikkje totalt bortkasta tid, men dårleg nok.

Stick It 2006 plakat - Filmdagbok

Publisert

16. september 2006 av

Regissør

Jessica Bendinger

Manusforfattar

Jessica Bendinger

Skodespelarar

Jeff Bridges, Missy Peregrym, Vanessa Lengies, Nikki SooHoo, Maddy Curley, Kellan Lutz, John Patrick Amedori, Mio Dzakula, Svetlana Efremova, Jon GriesVis alle 95 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Drama, Sport

Land

Tyskland, USA

IMDb

IMDb-side om Stick It