Still Mine

Still Mine er ein inspirerande film om ein gammal mann som vil bygge sitt eige hus, men som blir stoppa av idiotiske reglar og lover.

Som mannen seier i filmen. Han har snekra heile livet sitt og veit kva han skal gjere, og korleis han vil ha det. I tillegg er det han sjølv og kona som skal bu der, så kvifor skal andre blande seg inn. Men sånn er det, også i Noreg.

Still Mine handlar om kampen til mannen mot udyret som er byråkratiet. Alt i frå at han må bruke tid, pengar og krefter på å produsere arkitektteikningar til noko han ser for seg. Til at det går ut over liv og helse å bli tvinga av nokon som i utgangspunktet ikkje har den moralske retten til å bestemme over han.

Ingen argument trumfar mannen sin rett til eige liv, og det eige livet hans som det moralske fundamentet. Det Still Mine viser er den mørke sida ved at staten har fått makt til meir enn å verna folk mot vald og tvang frå andre, og gått til å sjølv utøve dette mot sine innbyggjarar.

Still Mine 2012 plakat - Filmdagbok