Stjernestøv

Serie · 2020 · · 24. desember 2020
3/5

Stjernestøv har vore julekalenderen for barn på NRK i 2020. Og for å komme litt i førjulsstemning og telje ned til juleferien, har serien blitt sett omtrent dagleg i heimen i den siste perioden.

Eg kan sei litt av kvart om Stjernestøv, og ikkje alt er like bra. Som at serien brukte ei god stund på å bli spennande nok. Men forventingane mine var heile tiden ut frå at dette er ein serie for barn, og eg har då likevel kost meg undervegs. Kanskje berre ikkje så mykje som eg gjorde med Julekongen. Mitt førre møte med ein julekalenderserie for barn.

Stjernestøv handlar om ein gut med separerte foreldre. Han har det ikkje så lett etter at han flytta til andre sida av byen i lag med mora. Det handlar og om ei folk i nord som heiter Stjernefolket. Og dei har spesielle krefter som dei brukar til å leie folk som har gått seg vill eller har mista retninga i livet. Ei hending gjer slik at ei frå dette folket hamnar i nabolaget til guten. Og vegen heim igjen for denne personen blir ikkje lett.

Serien har ei fin historie som blir fortalt, og får fram både god mytologi og magi, samt nokre reelle problemstillingar frå den ekte verda. Det er nok litt mindre humor enn eg hadde håpa på, då eg igjen vil peike på Julekongen som sette standarden for meg når eg såg serien i 2018. Heldigvis gjer Trond Fausa ei rolle god som gull, og byr på ein solid dose humor. Så tidvis får eg dei etterlengta komiske avbrekka.

Elles kan dette seiast å vere ein god produksjon. Musikken er fin, effektane er innanfor og skodespelarvala er gode. Sjølv om det ikkje nådde toppen for min del, blei eg langt i frå skuffa, men hadde ei fin stund med dei 24 episodane.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
Stjernestøv 2020 plakat - Filmdagbok