Storks (2016)

Film / 16. januar 2019
3/5

Storkane i Storks har slutta å frakte nyfødde babiar til foreldre, og har gått over til å vere leveringsfirma for nettbutikken cornerstore.com. Men maskina som laga babiar er ikkje øydelagt, og blir ved eit uhell starta opp igjen. Ein nyfødd baby må dermed fraktast til sine foreldre.

Storks er ein vittig animasjonsfilm som gjer ein artig vri omkring storkemyta, om det kan kallast det. Storkane har blitt teke inn i det 21-århundre reint teknologisk, og alle dyr har blitt antropomorfisert. Ikkje uvanleg i animasjonsfilmar.

Samtidig som filmen byr på mange gullkorn og poeng teke på kornet, bygger historia på eit fint grunnlag som omhandlar familie. Det er babien som skal til sin famile. Me har ei jente som vaks opp hjå storkane, fordi ho aldri blei levert til sin familie. Og me følgjer familien som skal motta babien.

Av spesifikke humoristiske innslag i filmen som gjorde sitt, var ein ulveflokks jakt på menneskebabien. På fantastisk vis gjer ulveflokken seg om til bru, båt og ubåt. Det høyres enkelt ut, men med rett timing som det får, blir det eit av mange herlege augneblinkar.

Storks kan anbefalast.

Storks 2016 plakat - Filmdagbok

Regi

Nicholas Stoller, Doug Sweetland

Manus

Nicholas Stoller

Skodespelarar

Andy Samberg, Katie Crown, Kelsey Grammer, Jennifer Aniston, Ty Burrell, Anton Starkman, Keegan-Michael Key, Jordan Peele, Danny Trejo, Stephen Kramer Glickman

Sjangrar

Animasjon, Eventyr, Komedie, Familie, Fantasi

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Storks

Forfattar