Stranger Than Paradise

Stranger Than Paradise er ein enkelt klipt film i svart-kvitt med amatørskodespelarar, ei tynn historie og minimalt med populærmusikk. Likevel har han klart å karre til seg ein relativt dedikert fanbase sidan han kom ut i 1984.

Eg vart aldri imponert over det eg såg her. Jim Jarmusch sin andre langfilm har ein del vakkert foto, sjølv om bilde er kornete og svart-kvitt, men står seg ikkje ut som genial på nokon andre måtar. Det som gjer det til ein fin film er at han er tona ned og jordnær på alle måtar, både i idé og gjennomføring. Noko som gjer han lettfatteleg, og ikkje til ein pretensiøse nestendebutkunstfilm frå ein ung filmskapar.

Det er vel ikkje så mykje meir å sei om Stranger Than Paradise. Ein enkel og fin film. Ikkje bortkasta tid, men eg ser ikkje på han som ei prioriteringssak.

Stranger Than Paradise 1984 plakat - Filmdagbok