Stranger Things (2016–2019)

Serie / 9. juli 2019
3/5

På veg heim frå ein spelkveld forsvinn ein ung gut sporlaust. Dette er berre den første rare hendinga i ein amerikansk småby, som i tida etter opplever å bli prega av ukjente og overnaturlege krefter.

Stranger Things er som drege ut av 1980-talet på mange måtar, men ikkje på alt. Det var dette som gjorde meg interessert i å gå i gong med serien, då eg er begeistra for filmar frå dette tiåret.

For å skildre 1980-talets kulturelle preg på serien, er det lettare å oppsummere kva som ikkje osar av det me gjerne forbind med det glade tiåret. Oppbygginga til serien er meir kompleks, og i tråd med seriar som kjem ut i notida. Det er ein mørk og til tider dyster serie, på ein langt meir negativ måte enn mykje av det mørke eg forbind med 1980-talsfilm. Og så er det nokon spesialeffektar som dessverre tek meg ut av fantasien, men berre om eg skal vere ekstra kritisk.

Dei to første unntaka er ikkje nokon som trekk serien ned, men blir nemnt for å gi eit bilde av kva ambisjonar serien har og korleis han oppfyller dei.

Det er ei spennande historie som utfoldar seg i løpet av dei åtte episodane som utgjer første sesong. Med den kritiske hatten på kan eg seie at det går litt sakte her og der, men aldri lenge nok til at eg kjedar meg. Serien har også så mykje visuelt for seg, og eit underliggande driv i historia, at det dekkar over nokon av svakheitene.

Eg gjer få direkte tilknytingar mellom innhaldet i og inspirasjonen til serien, men har i ettertid lese at det her og der er nokre scener som tydeleg nesten utelukkande fungerer som referansar. Poenget mitt er at sjølv om eg har sett ein del av filmane Matt Duffer og Ross Duffer har hatt i tankane då dei skreiv serien, så framstår Stranger Things først og fremst som si eiga greie, og mindre som ei samling av referansar. Av nyare tids hyllester er dette blant det betre. Men kvar sin produksjon har sine mål.

Stranger Things er nesten midt i blinken for min del. Handlinga om dei mørke kreftene er også spennande, og godt dosert. Her blir eg nysgjerrig på ideen, og vil alltid sjå meir. Men for dei utan noko interesse for grepa gjort med tanke på 1980-talet eller ei mørk historie om det overnaturlege, så er kanskje ikkje Stranger Things den rette serien å sette i gang med.

Alt over var inntrykk og tankar eg sat igjen med etter første sesong av Stranger Things, som eg på den tida rangerte 4/5. Men så såg eg andre sesong av serien, som enkelt kan bli oppsummert som eit mørkt tomrom. Mykje av det gode arbeidet med å finslipe første sesong var fråverande til fordel for fleire spesialeffektar, overnaturlege element og negativitet. Vurdert åleine ville eg gitt andre sesong 2/5, og bortkasta tid.

Tredje sesong er god, om enn overflatisk. Det er meir humor og 1980-talsreferansar igjen, samt mindre effektar og dystre episodar. Det er alvor her også, men på ein måte som svarar meir til forventningane eg hadde til serien etter første sesong. Eg gir sesongen 3/5.

Stranger Things 2016-2019 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Netflix

Skaparar

Matt Duffer, Ross Duffer

Skodespelarar

Winona Ryder, David Harbour, Finn Wolfhard, Millie Bobby Brown, Gaten Matarazzo, Caleb McLaughlin, Natalia Dyer, Charlie Heaton, Joe Keery, Cara Buono

Sjangrar

Drama, Grøssar, Mysterium, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Stranger Things

Forfattar