Strings (2015)

Film / 18. mars 2016
3/5

Strings, eller Bravetown som den også går som, er ein film om en underårig type frå New York. Han er DJ på natta, og styrer på med diverse greier han ikkje har lov til. Når han blir tatt med narkotika, får me vite at han har hatt trøbbel før, og at dette var dråpen.

Han får en siste utveg, som er å flytte til sin ukjente far godt utanfor New Yorks grep. Staden han hamnar på er en prega av mange falne verva soldatar. Og vår hovudrolle blir gradvis tvinga til å sjå annleis på livet, etter kvart som han møter folk med eit heilt anna forhold til kvardagen.

Strings er et emosjonelt drama som speler på kjente strenger. Småby, småvaksne unge, seriøs tematikk som krig og depresjon, enkel kjærleik og forsøk på å vere kul. Alt gjennomført på en grei måte, så eg har strengt tatt like i mot filmen. Men eg synst også at deler av filmen er komiske og lite truverdige.

Heller ingen av karakterane treffer meir enn greit. I dramasjangeren som Strings går for er dette essensielt, og her taper filmen terreng.

Strings 2015 plakat - Filmdagbok

Regi

Daniel Duran

Manus

Oscar Orlando Torres

Skodespelarar

Maria Bello, Laura Dern, Josh Duhamel, Lucas Till, Tom Everett Scott, Jae Head, Katrina Norman, Shamier Anderson, Kherington Payne, Sharlene Taulé

Sjangrar

Drama, Musikk

Land

Canada, USA

IMDb

IMDb-side om Strings

Forfattar